Kaninbyen
“Kaninbyen” er ein roman skriven av den norske forfattaren Arild Rein, og utgjør den siste boka i “Stavangertrilogien” saman med “Hundedagene” (1998) og “Grisekoret” (2001).
Arild Rein er fødd i 1960 i Stavanger, og blei i 2008 kåra til Stavanger Europeiske Kulturbys Forfattar med boka “Kaninbyen” av befolkninga i Stavanger. Trilogien beskrives som eit portrett av Stavanger og byen si underside frå 1970-åra og fram til 2004.
Arild Rein er fødd i 1960 i Stavanger, og blei i 2008 kåra til Stavanger Europeiske Kulturbys Forfattar med boka “Kaninbyen” av befolkninga i Stavanger. Trilogien beskrives som eit portrett av Stavanger og byen si underside frå 1970-åra og fram til 2004.
Handlinga går over eit tidsrom på omtrent eit par veker, og alt skjer i Stavanger. I romanen får me eit innblikk i livet til hovudpersonen Jonny Roxmann. Jonny jobba tidligere som politimann, men etter å ha blitt dømt for hallikvirksomheit flyttar han inn i ein kolonihage som han ein gong arva av faren sin. Jonny har alt han treng, og lev eit avslappa liv. Han får alt han treng gjennom forsikringssvindel, stålen mat, og andre småtjuveri. Gladmatfestivalen nærmar seg, og Jonny har planar om å tene nokon raske tusenlappar på å selje bakte poteter til fulle folk. Jonny er lei av Stavanger, og målet hans er å skrape saman nok pengar til å stikke derfrå og rømme til Thailand. For å få dette til må han skaffe seg hjelp ved å stele varer og pengar frå kjente. Jonny innleder eit romantisk forhold til asiatiske Kim, og til hans eigen forbausing utviklar han følelsar for ho. Seinare i boka finner me ut at Kim driv med menneskesmugling. Boka gir oss hovudsakleg innblikk i tankar Jonny har om oljebyen Stavanger, Gladmatfestivalen og hans syn på korleis samfunnet fungerar.
Jonny har ein veldig kynisk og pessimistisk tankegang, og prøver alltid å finne den enklaste løysinga på ting. Han meiner at Stavanger er eit tomt eggeskal og alle menneska som bur der er idiotar og verdilaust søppel. Gjennom hovudpersonens meiningar finner me ut at “Kaninbyen” er ein kritikk til samfunnet i Stavanger. Me er eit samfunn utan innhald – derfor det tomme eggeskalet. Han meiner menneska som bur der er idiotar fordi me ikje sett pris på rikdommen me har fått frå oljen. Dette gir oss eit dårleg inntrykk av ein ellers så vakker og levande by.
Personleg synes eg at boka er heilt grei. Etter kvart som eg kom eit stykke ut i boka, forsvann den raude tråden for meg. Eg følte ikkje samanhengen i boka, og spenningskurva var relativt låg gjennom heile teksten. Det blei vanskeleg og konsentrera seg mens eg las fordi det rett og slett blei så kjedeleg når eg hadde vanskeligheter med å finne den raude tråden. Banning er noko som går mykje igjen i boka, noko eg synes er litt i overkant overdriven sjølv om han er der som eit virkemiddel for å understreke poeng. Eg synes at ved å bruke så mykje banning i historia mister orda på ein måte krafta si ettersom banninga tar all oppmerksomheita. På den andre sida er boka veldig gøy å lese fordi eg kjenner igjen miljøet og landskapet ettersom Stavanger er min heimby.
Gladmatfestivalen og Eiganes kolonihage for eksempel, er noko dei fleste av Stavangers befolkning har høyrt om. Boka inneheld også ein del humor, noko som “lysnar” opp det ellers så dystre inntrykket me får av omverda gjennom Jonnys auge. Alt i alt ei kjekk bok, men for overdriven personleg på grunn av alle banneorda, og måten han kritiserer Stavanger på alle områder.

Kjelder:
Internett:
Internett:
Aftenbladet.”Kaninbyen”. Lokalisert 15.04.11
Bok:
- Kaninbyen. 2004. Bokforlag: Det Norske Samlaget. Forfatter: Arild Rein.




